Suverene siger i terrengstafett
Klas Færøvik og Geir Skaten utgjorde ein ustoppeleg duo i terrengstafetten på Skansemyren onsdag.
Duoen frå Opptur Motbakkeklubb var fullstendig suveren i klassen for + 35-løparar. I lag gjorde gutane seks kilometer i kupért terreng unna på berre 18,40. Med det var Opptur-gutane over halvanne minutt raskare enn lag nummer to.
- Det var kjempemoro. Både Geir og eg hadde dagen og styrte løpet frå start til mål, fortel Klas Færøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
3 x 1.000 m kvar
Den fersek noregsmeistaren i terrengløp var offensiv frå start. Det lønte seg.
- Eg følte meg sterk og gav jernet på min første av tre 1.000-metarar. Alt då fekk eg ein luke på argaste konkurrent, Ørjan Nilsen, og laget hans. Den luka auka Geir og eg berre meir og meir for kvar 1.000 m me sprang, fortel ein svært nøgd Færøvik.
Opptur-duoen vann også denne stafetten i fjor, men onsdag sprang dei nær eit halvt minutt raskare. Det sjølv om årets løype var noko tøffare.
- Det var ein hard løype med mykje opp- og ned-springing, men både Geir og eg er i kanonform. Då er det berre moro å springa slike løp, seier Færøvik.