Bokbåten på hausttur i Hordaland
Bokbåten «Epos» startar haustturen i Hordaland onsdag. Den skal innom 50 stoppestader fram til 1. desember, deriblant Os og Fusa.
Bokbåten er lasta med både nye og gamle bøker, lydbøker og kulturelle opplevingar.
Det er norddelen av fylket som får først besøk. Programmet på nordturen heiter «Bisk - ein teikneserieforteljing». Forfattar og illustratør Bjørn Ousland fortel om Bisk og venene hans, og viser korleis teikneseriefigurane vert skapt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sørturen startar på Strøno og Vedholmen 21. november. 30. november og 1. desember er turen komen til Baldersheim, Strandvik og Vinnes.
På denne siste delen av turen får born og vaksne møta Sirkus Bobbini med utbrytardronninga Susie, loppesirkusdirektør Cox Pomona og sirkuset si store stjerne, loppa Lola. Dette er ei sirkusframsynin med både musikk og kreative gjøgleriar.
I fjor hadde Epos like under 4.000 besøk i Hordaland.
Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.