Spenninga stig i Fusa
For Senterpartiet vert valkvelden i Fusa ekstra spennande. Ikkje berre er det knytt spenning til om partiet får behalda ordføraren. Lista deira er ikkje kummulert. Dermed kan det bli rokkeringar.
- Vi lét veljarane sjølv bestemma kven som skal få møta i kommunestyret, seier partiets ordførarkandidat, Svein Lang.
Sp-politikaren rapporterer om bra oppmøte utanfor vallokalet i Strandvik i ettermiddag. Han er spent på kva det kan føra til, men har førebels inga formeining om kva veg vektskåla tippar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Når det gjeld valresultatet, meiner eg ingenting om det før eg har sett det sjølv, seier han.
Lang er godt nøgd med sin første valkamp.
- Den siste perioden har vore veldig bra. Vi kom på offensiven og fekk diskutert ein del saker som er viktige for partiet.
Sp-politikaren syns skulestrukturdebatten har teke vel mykje plass. Han saknar meir diskusjon kring tema som kommunesamanslåing, helse og sosial og kommunikasjon.
Ordførarkandidaten trekkjer òg fram Facebook-sida «Kvardagsprat i Fusa» som ei god rettesnor for politikarane i valkampinnspurten.
- Det har vore ein kjempespennande valkamp. Eg har hatt eit godt team rundt meg med dyktige og inkluderande folk, seier han.
- Rimeleg ope
Også Arbeidarpartiets Atle Kvåle er spent på kva kvelden vil bringa.
- Det er litt fleire x-ar og y-ar i dette valet enn det har vore tidlegare. Det er rimeleg ope kva som kjem til å skje, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvåle risikerer ikkje berre å ta steget opp frå varaordførar, som han har vore sidan 2007, til ordførar, han kjem sannsynlegvis også til å halda fram arbeidet på fylkestinget i Hordaland. Fusingen står nemleg på 6. plass på Arbeidarpartiet si fylkestingliste.
- Det er klart det er spennande når ein står midt oppi det, seier ordførarkandidaten, som er komfortabel med det partiet har klart å få til i valkampen i Fusa.
Kvåle har førehandsrøyta, og skal tilbringa valkvelden i Kommunetunet i Eikelandsosen.
- Eg er medlem av valstyret. Vi må vera til stades dersom det dukkar opp noko vi må ta stilling til, fortel han.
Ny ordførar
Magne Djuvik (Frp) meiner, som Kvåle, at årets valkamp er meir open enn det ein har vore van med i kommunen på lang tid. Ifølgje Framstegspartiets ordførarkanfidat er det to ting som gjer årets val ekstra spennande: Skuledebatten og det faktum at, uansett kva resultatet vert, så får Fusa ein ny ordførar.
- Det er sjølvsagt litt ekstra spenning knytt til det, seier Djuvik, som nett er komen heim frå vallokala i Fusa samfunnshus.
Djuvik er godt nøgd med Framstegspartiets innsats i valkampen. Men skulle helst sett at debatten handla om litt meir enn skule.
- Skulesaka har fått litt for mykje merksemd, meiner han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høgre kom litt seint i gang med valkampen i Fusa, men har stått på "till the bitter end", ifølgje Aud-May Boge.
- Vi gav oss ikkje før seint i går kveld, fortel ho.
No er ordførarkandidaten sjølvsagt spent på om arbeidet ber fruktar.
- Eg er ganske spent, seier ho på veg til vallokalet på Nore Fusa skule.
Vallokala i Fusa stengde klokka 19. Dei første resultata er venta rundt klokka 21.