Marit vart årets vinnar
Marit Johanne Sørfønn (55)frå Søre Neset vann hovudpremien i Os & Fusapostens påskenøtter.
- Å, så kjekt. Det var overraskande. Eg bruker ikkje å vinna noko, sa den glade vinnaren då Os & Fusaposten kom på døra i Knutavegen med blomar og premie tysdag ettermiddag.
Marit Johanne er ein ivrig kryssordløysar og har tidlegare vunne nokre trøystegevinstar i lokalavisas konkurransar, men det er fyrste gongen ho knallar til med hovudpremien: Eit gåvekort på 500 kroner på Amfi Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva skal du bruka gåvekortet til?
- Det veit eg ikkje enno. Eg har ikkje sett meg ut noko spesielt eg har lyst på, smiler premievinnaren som ofte er å finna bak disken på NMS Gjenbruk i Os.
Andre- og tredjepremie
Andregevinsten var tre billettar til Osbadet og desse gjekk til Anne Grete Bergtun som bur på andre sida av E39, i Monsavegen.
Tredjepremien, to billettar til bygdekinoen, går til Geir Hjertholm i Hesthaugen i Os.
Vi gratulerer dei tre hovudvinnarane som alle hadde svart riktig på dei sju spørsmåla i årets påskenøtter. Gevinstane kan hentast hos Os & Fusaposten i Øyro 31.
Spørsmål nummer tre
PS: På spørsmål nummer tre, om kva år danskekongen overtok Lyse kloster, godkjende vi både 1537 og 1536 sidan begge årstala er nemnde på nettet.
Fasit
Her er svara på årets påskenøtter:
1. Varden på Lysøen
Artikkelen held fram under annonsen.
2. Fjord´n Senter vart opna i 1989.
3. Danskekongen overtok Lyse kloster i 1536/1537.
4. Vidar Bahus har spelt cupfinale for Fyllingen og Brann i høvesvis 1990 og 1995.
5. Marcus & Martinus kjem frå Trofors i Nordland.
6. Dei to høgste fjelltoppane i Fusa er Tveitakvitingen (1.299 moh) og Gjønakvitingen (1.213 moh).
7. a) Fusabunaden er kjend for å vera den mest fargerike i landet.
b) På sølvknappane til ein herrebunad frå Os finn du ei osrose.