André Øvredal frå Os er kjend for Trolljegeren og den komandeThe Autopsy og Jane Doe. Her får innspelinga av sistnemnde i London.
André Øvredal frå Os er kjend for Trolljegeren og den komandeThe Autopsy og Jane Doe. Her får innspelinga av sistnemnde i London.

Skal laga sci-fi-film down under

André Øvredal skal regissera sci-fi-thrilleren Emergence. Innspelinga skjer i Australia tidleg neste år.

Emergence handlar om eit kompani gruvearbeidarar på ein fjerntliggande planet som må kjempa for å overleva når ein lumsk, og ekstremt tilpasningsdyktig, organisme ved eit uhell slepper laus og byrjar formeira seg som eit uvêr.

- Ei ære

- Dette er eit prosjekt eg har jobba med i eit par år allereie, og som eg er utruleg glad og beæra over for å få delta i, seier Øvredal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er en film full av spennende karakterar, bygd på et originalt konsept, sett langt ute i verdsrommet med fascinerande vitenskap, store romskip, planetar og alt som tilhøyrer sjangeren. Det er også ein drivande spennende thriller om overleving mot alle odds.

Øvredal fortel at han alltid har vore veldig glad i science fiction, og at "det er ein fantastisk sjanger å få uttrykkja seg i.

- Det er verkeleg eit privilegium eg ikkje ville drøymd om eingong berre for få år sidan.

Tidleg i 2016

XYZ Films og Starstream Media skal produsera filmen som er basert på ei forteljing av Chris Kunzmann og Rowan O´Neill. Filmen vert ein australsk-irsk samproduksjon og innspelinga vil truleg føregå i Australia tidleg i 2016.