Syklisten stod oppreist etter ulukka.
Syklisten stod oppreist etter ulukka.

Bil og syklist kolliderte

Politi og ambulanse er på veg etter at ein bil kolliderte med ein syklist i Jordmorsvingen.

Ulukka vart meld på Twitter klokka 8.33. Nokre minutt seinare melder politiet at syklisten kan stå oppreist, men at han har smerter.

Då Os og Fusaposten kom til staden stod syklisten oppreist og snakka med politiet og ambulansepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Førebels ser det ut til at det har gått bra med syklisten. Det har vore ein kollisjon mellom bil og syklist, noko meir veit me ikkje enno, seier ein politibetjent frå Os lensmannskontor.