Mann pågripen mistenkt for tjuveri
Det var i 01-tida natt til tysdag at ein bil braste gjennom inngangspartiet til Joker-butikken på Søfteland. No er ein mann pågripen i saka.
I går sa politioverbetjent ved Os lennsmanskontor Audun Hadler-Olsen til Os og Fusaposten at dei inntil vidare ikkje ville vera meir konkret enn at dei veit at meir enn éin person har vore inne i butikken.
No er ein mann pågripen. Politiet er framleis tilbakehaldne med informasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det eg kan seia er det blei tatt tobakksvarar for om lag 60.000 kroner, seier vakthavande politibetjent ved lensmannskontoret.