Pinsen starta roleg, men natt til søndag har politiet hatt hendene fulle. Tre personar følgde ikkje politiets pålegg. (Arkivfoto)
Pinsen starta roleg, men natt til søndag har politiet hatt hendene fulle. Tre personar følgde ikkje politiets pålegg. (Arkivfoto)

Travel natt for politiet

Fleire personar nekta å følgja politiets pålegg i natt.

Pinsen starta roleg, men natt til søndag har politiet hatt hendene fulle. Tre personar følgde ikkje politiets pålegg. 

Politiet fekk fyrst melding om ordensforstyrring på ein privat fest på Nore Neset. Ein av festdeltakarane skal ha blitt slått i andletet med knekt nase som resultat. Den fornærma skal vera i 20-åra. Gjerningsmannen, som vart pågripen kort tid etter hendinga, er 19 år. Vedkomande vart ikkje teken med i arresten, men fekk pålegg om å halda seg vekke frå sentrum. Seinare på kvelden vart 19-åringen observert i sentrum, og pågripen for ikkje å overhalda politiets pålegg. Han er no anmeldt for valdsepisoden og også for ikkje å følgja pålegget frå politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høg musikk

Politiet fekk seinare melding om høg musikk på ei adresse i nærleiken av Os sentrum. Vedkomande fekk pålegg om å skru ned musikken, noko han i fyrste omgang retta seg etter. Ein halv time etter fekk politiet melding om at musikken var skrudd opp att. Politiet rykte ut på nytt med nytt pålegg om å skru ned musikken. Det gjorde vedkomande. Personen vil likevel bli anmeldt for å ikkje følgja det fyrste pålegget.

- Neste skritt ville vore beslag i anlegget. Men me fekk ikkje fleire meldingar om same adressa etter at me var der for andre gong, opplyser førstebetjent Kenneth Rastad. 

Trøbbel på Essoen

Siste tilfellet av ordensforstyrring skjedde på Essoen i sentrum. 

- Det var ein person som var vanskeleg. Vedkomande fekk pålegg om å fjerna seg. Han etterkom dette fyrst. Men om lag ein time etter var han attende. Denne gongen sette han seg opp mot patruljen som kom til staden, opplyser Rastad.

Personen vart køyrd til arresten og vil verta anmeldt for ordensforstyrring, sjikane mot og hindring av politiets arbeid og truande atferd.