Sigersrekkja stoppa for Lysekloster
Lysekloster hadde sju sigrar på rad. I dag sa det bom stopp med 0-3 heima for Lørenskog.
Etter ein god prestasjon mot Førde borte forrige helg, var det lite som stemte for Lysekloster mot Lørenskog.
- Det er rett og slett ein svak prestasjon, sa Lysekloster-trenar Ørjan Sandal rett etter kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Optimismen var stor føre dagens oppgjer på Lysekloster Framo Idrettspark. Med sju trepoengarar på rad hadde spelarane stor tru på eigne ferdigheiter. Kanskje litt for stor, undrar Sandal.
- Det kan henda at spelarane tok litt for lett på kampen. Kanskje trudde dei at sigeren kom av seg sjølve. Vi må jobba hardt for poenga i denne divisjonen, fortel ein tydeleg skuffa Sandal.
Bra i starten
Lysekloster byrja kampen bra og pressa austlendingane tilbake dei fyrste ti minutta. Så rakna det. Mål i mot i det 30. og 42. minutt sørgja for at munkane måtte gå i garderoben med 0-2 i sekken.
- Vi var gode dei fyrste ti minutta. Resten av omgangen var vi dårlege i presset og alt for unøyaktige, sa Sandal etter dei fyrste 45 minutta.
Etter kvilen gjekk Lysekloster ut i hundre. Dei skapte fleire brukbare sjansar, men ballen ville seg ikkje i mål.
- Vi pressa bra på i starten av andre omgang. Hadde Tommy Gaustad putta åleine med keeper, kunne kampbiletet blitt eit anna. I staden for kontra Lørenskog inn 3-0. Det blei spikaren i kista, fortel Sandal.
Ser framover
Lysekloster-spelarane var heller ikkje nøgd med eigen prestasjon.
- Det var litt daft. Vi var litt for seine i alle duellane. Då blir det tøft å spela fotball, seier midtbanespelar Espen Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter eit forsmedeleg 0-3 tap føre eigne tilskodarar, er blikket allereie retta mot neste kamp. Då møter kvittrøyene Fana.
- Vi har lyst til å visa kva vi er gode for mot Fana. Det blir ekstra spesielt for meg som har spelt der i fire-fem år. Det er litt prestisje i å vera avdelinga sitt beste lag frå Bergensområdet, fortel Birkeland.
Laget som starta: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther (Joshua Pritchard frå 57.), Sindre Hitland Flaa - Ståle Steen Sæthre, Tommy Gaustad (Sigve Rørstad frå 57.), Petrit Zhubi (Christer Olsen frå 73.)