Kulturdagane går mot slutten
Annlaug Børsheims minikonsert i Borgstova i dag, var eit av dei siste punkta på programmet av årets Kulturminnedagar i Os.
Borgstova i prestegarden var fullsett då Annlaug Børsheim stod for kveding og folkesong laurdag føremiddag.
Ei rekkje gratisarrangement har gått av stabelen dei to siste helgane under Kulturminnedagane 2016. Temaet i år er "Sjå kva vi kan!", og kulturvernorganisasjonar, historielag, husflidslag, fartøyvern, kunstnarar og mange fleire har fått visa fram kva dei kan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Programmet held fram søndag
Sist helg var det mellom anna omvising i Oselvarverkstaden, med foredrag frå Åsmund Lien, og orientering frå kultursjef Lisbeth Axelsen om kommunedelplan for kulturminne. Publikum fekk også prøva oselvarar. I gamlestovo på Hauge stod glimt frå kvardag og fest i det gamle Os på programmet.
Denne helga har det vore program i prestegarden. I morgon er det tradisjonsbaking på Lyngheimtunet. Der kan ein også læra seg rosemåling av Hjørdis Juvik. Nils Georg Brekke står for eit foredrag - Frå Noreg til Vesterhavsøyane.