At borna er medskapande er ein styrke ved Skapingsdagane. Å realisera born sin medverknad i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete.
At borna er medskapande er ein styrke ved Skapingsdagane. Å realisera born sin medverknad i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete.

Skapingsdagane vann Trosopplæringsprisen

Skapingsdagane i Os kyrkjelyd er vinnar av Trosopplæringsprisen 2016.

- Vinnaren av årets pris har ein gjennomgåande tematikk som vert knytta til fellesskap og skaparglede. Det går ein raud tråd frå grunnleggjande tenking til innhaldet i andakter, planar og arbeidsformer. Alle leiarane, også dei eksterne kunstnarane, er med frå planlegging til gjennomføring. Borna blir invitert til å bruke skaparevner med og for kvarandre, heiter det i juryens grunngjeving.

Til inspirasjon

Prisen går til kyrkjelydar, organisasjonar eller grupper som på ein særlig måte har fremja trusopplæring. Prisen framhevar aktivitetar og prosjekt som kan vera til inspirasjon for andre og som stimulerer til tverrfagleg samarbeid i kyrkjelydane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to andre nominerte var Naturkul i Eidfjord kyrkjelyd og LUPY - Bondelia Ynglingen på Gjøvik.

IKO - Kirkelig pedagogisk senter har delt ut Trosopplæringsprisen sidan 2001.

Juryen trur at samarbeidet med lokale ressurspersonar og ideen frå Os om å ha ein sommarskule i kyrkja, kan være til inspirasjon for mange.

Medskapande

At borna er medskapande er ein styrke ved prosjektet. Å realisere born sin medverknad i trusopplæringa på denne måten, meiner juryen er eit førebilete.

- Prosjektet er forankra i dei lokale planane og vert følgt opp av tiltaksfadrar. Den lokale planen uttrykkjer eit ønske om å få det rike kulturlivet inn i kyrkja. Prosjektet bidreg til å realisere dette ønsket, skryter juryen.

Ein av kunstnarane som har teke del i Skapingsdagen skriv mellom anna: "Denne prosjektgruppa har med sin jobb med ungane skapt ei stemning og eit engasjement blant born og vaksne som eg ikkje har sett liknande til på fleire år. Eg kjenner meg privilegert over å ha fått delta og vere ein del av denne kultureksplosjonen".

Utdeling

Vinnaren blir offentleggjort på Trosopplæringskonferansen i dag foran 1.500 medarbeidarar frå kyrkjelydar i heile Noreg.

Prisen består av eit bidrag på 50.000 kroner og eit kunstverk av kunstnaren Helge Bøe.