Ingen ferjetrafikk til helga
Frå fredag 27. mai klokka 20.20 til måndag 30. mai klokka 05.35 er ferjesambandet Hatvik - Venjaneset innstilt.
Årsaka er byggjearbeid på Hatvik ferjekai.
- Ferjetrafikken vil stort sett gå som normalt i byggjeperioden. Unntaket er helga for pålearbeidet, altså frå 27. til 30. mai, heiter det på Fusa kommune sine nettsider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eksisterande tilleggskai (pir) skal byggjast om og forlengast. Tilleggskaien vert bygd av stålrøyrspålar og horisontale stålrøyr. Stålrøyrspålane skal fyllast med armert betong. Det vert òg bygd gangbane til bruk for ferjemannskap og vedlikehaldsentreprenør.
Pålearbeidet vil medføra ein del støy.
Heile ombyggingsarbeidet skal vera ferdig innan 15. juli