Nyttige duppedittar i Os Senioruniversitet
Måndag 17. oktober kjem ein etterspurt og populær foredragshaldar, teknologirådgivar Eirik Solheim, til Os Senioruniversitet for å læra oss om det meste av det vi har bruk for av moderne teknologi.
Eirik Solheim er utdanna medieingeniør frå Universitetet i Stavanger. Han har hatt eit lidenskapeleg forhold til medium og teknologi sidan han var liten. Han plukka frå kvarandre ting og laga video og datagrafikk før folk flest visste kva datagrafikk var. Småfuglane utanfor vindauga hans blir utsett for intens overvaking, og heimen hans er styrt av så mange datamaskiner at han sjølv har mista teljinga.
I NRK
Eirik Solheim arbeider som teknologirådgivar i NRK. Han har lang erfaring med arbeid innan medie- og teknologibransjen. Først som fotograf, redigerar, lyddesignar og produsent i NRK. Sidan som konsulent innan teknologi, medium og underhaldning i konsulentselskapet Accenture.
Artikkelen held fram under annonsen.
Attende i NRK vart han strategisk rådgivar, redaktør og prosjektleiar. Han er også hyppig brukt som teknologikommentator i radio og TV. Han har fast teknologispalte i nitimen kvar tysdag. Han er ein ivrig bloggar og videoen "Et år på 40 sekunder" hamna på framsida av verdas mest trafikkerte nettstader, vist på både amerikansk og japansk TV og sett av millionar av menneske.
Ettertrakta
Solheim er ein ettertrakta foredragshaldar både nasjonalt og internasjonalt. Han held foredrag om teknologi, sosiale medium, innovasjon, presentasjonsteknikk og framtidsanalyse.
Eirik Solheim kjem til oss for å hjelpa oss å forstå dei siste trendane. Kva er det nyaste nye? Kva er nyttig? Kva er fullstendig unyttig? Han viser oss inspirerande eksempel på bruk av teknologi og forklarar korleis han nådde ut til titals millionar med sine eigne videoklipp.
Du vil læra om alt frå 3D-printing til virtuell verkelegheit, bruk av kamera, mobiltelefonar og elektronikk. Her har både yngre og eldre mykje å læra.
Er vi heldige får han med seg ein liten drone gjennom sikkerhetskontrollen.
Bjørn Solheim
Os Senioruniversitet