Strikker seg langt
Sidan byrjinga av desember har to rette og to vrange vore fokuset for ei røys med frivillige i Os. Resultatet heng på ei snor på kyrkjeflaten.
- Eg har strikka mange luer og labbar. Eg synest det er kjempefint å kunna gjera noko for andre, seier Åse Jarland.
Jarland er blant dei frivillige som har delteke på strikkedugnaden i regi av Frivilligsentralen og kyrkjelyden i Os. Tysdag vart plagga, som hovudsakleg består av teppe, luer, labbar, små genserar og lappar, hengt opp på ei snor som strekkjer seg frå Frivilligsentralen i den eine enden, til Kyrkjelydshuset i den andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Plagga vert hengjande i nokre timar før dei vert teken ned, tørka og sendt avgarde med posten.
- Vi har hatt med oss brosjyrar med oppskrifter og informasjon om dugnaden på ulike arrangement. Ordet har spreidd seg raskt. Mange har engasjert seg, både ungdomar og pensjonistar, fortel diakon og initiativtakar Jannike Gangstø Rogne.
Dei små kleda vert donerte til organisasjonen Strikk for livet, som samlar inn strikkeklede til nyfødde born i Tazania, og Ull og omtanke, som syr lappane saman til pledd til kreftpasientar.
- Eg er overraska over kor mange som har bidrege. Vi har hatt folk innom her med poser fulle i strikkeplagg, fortel leiar for Frivilligsentralen, Tove Hille.
Tysdag vart dei som ønskte inviterte inn på lappar og kaffi, som takk for innsatsen med lappane og dei andre kleda. Blant dei som deltok var Laila Andersen, som har laga babyluer, labbar og sjal.
- Det er kjekt at restegarnet mitt kjem til nytte, synest Andersen.