Bilførar tok eit uklokt val etter å ha hamna utfor vegen
– Du ser tydeleg kvar han køyrde utfor, og at han har prøvd å koma seg opp på vegen igjen. Det var ikkje særleg lurt, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Onsdag kveld var det ein liten lastebil som køyrde utfor i svingen etter Lyse Kloster, om ein kjem frå Os om Åsen. Sjåføren ser ut til å ha køyrd beint ut i svingen, køyrd nokre meter i utfor vegen og prøvd å køyra opp att på ein stad der det er relativt bratt, noko som ikkje gjekk og bilen velta. Nett kva tid det skjedde, er usikkert, då føraren ikkje skal ha meldt frå. Bilførar blei ikkje skadd, og politiet skreiv seint onsdag kveld at det ikkje er mistanke om ruskøyring. Det stadfester lensmann Oddbjørn Dyrdal.
– Både UP og ein patrulje frå Bergen var på staden onsdag. Det vil ikkje bli oppretta sak får oss. Dette er ei forsikringssak. Det kostar nok å vera bileigar i dette tilfellet. Vedkomande som køyrde utfor er også eigar av bilen, seier Dyrdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Skal ein ikkje melda frå i slike tilfelle?
– Det er ikkje alle som veit eller forstår kva tid ein skal melda frå. Her er det nokon som etter kvart har meldt frå til brannvesenet, seier Dyrdal og legg til:
– I dette tilfellet veit bilførar at bilen har rulla, og det er ingen andre involverte. Han er ikkje rusa og det er ikkje personskade. Då er det ikkje alle som tenkjer at dette er noko å varsla om.
Tilbake for å undersøkja
Brannsjef Stein Gjøsund var på staden i går, og det skal ha lukta litt diesel. Dei frykta at ulukka hadde skapa forureining, ved at diesel hadde lekt ut i bekken og blir ført ut i «Pøylo», som er vatnet inst i fjorden nedanfor Trivselsstallen i Lysefjorden.
– Eg var her i går. Då kjende eg lukt, men det var ikkje heilt lett å sjå grunna mørket, fortel Gjøsund.
Torsdag føremiddag var brannsjefen tilbake for å undersøkja vidare.
– Bekken renn, så her er ikkje noko å sjå, sa han, før han køyrde ned til der bekken renn ut i Pøylo.
– I slike tilfelle vil dieselen ofte leggja seg på begge sider av der bekken renn ut. Her er det ikkje noko å sjå. Vi melder vidare til Kystverket om saka, og fortel at det ikkje er noko visuelt å spora.