Graving i sentrum - del 2
Etappe 2 i gravinga i Os sentrum er like rundt hjørnet.
I samband med prosjektet «Liv på Øyro» skal Os kommune fornya leidningsnettet.
Første etappe nærmar seg no slutten, og vi ser eit behov for å starta opp etappe 2 så raskt som mogleg, melder kommunen i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etappe 2 omfattar resten av gata Øyro, delar av Brugata, samt delar av Landboden.
- Arbeida vil innebera rehabilitering av dei kommunale vass-, avlaups- og overvassleidningane. Rehabiliteringa av dei private stikkleidningane vil skje ut av veg. I tillegg er Telenor og BKK involvert i forhold til deira kablar, heiter det i pressemeldinga.
Ein vil strekkja seg så langt som mogleg for å unngå vegstenging i anleggsperioden.