På gjenngrodde spor i Os

Ein gong i tida var Osbanen bygdas viktigaste livsnerve. I dag står berre vognhallen att som symbol på ei svunnen og svært så anleis tid.

Osbanen vart opna 1. juli i 1894 og gjekk frå Nesttun til Osøyro.

På den smalspora banen tok det to timar frå ein forlét Nesttun til toget tukka inn på stasjonen på Os. Marsjfarten var 25 km i timen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesielle klipp

I samarbeid med Osbanens venner har Os og Fusaposten no sett saman ein liten film med originale filmklipp laga av Rolf Sundt og Otto Irgens tilbake i 1934. I filmen får ein mellom anna sjå då dei dokumenterte den aller siste togreisen i 1935. Bli med tilbake i tid på skjener mellom Nesttun og Os.