Folkevekst, skulestruktur og økonomi

Å dra kvalitet inn i saka om skulestrukturendring i Fusa blir heilt feil, skriv Ranveig Næss (H).

LESARBREV: Når me ser på resultat av nasjonale prøvar, ser me at kvaliteten generelt i skulane i Fusa er bra. Dei aller fleste tek vidaregåande skule og veldig få droppar ut. Om kvaliteten ikkje er tilfredstillande på eit område, så må det takast tak i og utbetrast. Dei som arbeider innan privat næringsliv har ofte eit litt anna syn på dette med kvalitetsikring. Riktig kvalitet på tenester og produkter er det me jobbar for heile vegen. Og er kvaliteten for dårlig på noko, må me ta tak i det med ein gong, sjå på den spesifikke årsaka til dette og gjera utbetrande tiltak. Me legg ikkje ned avdelinga av den grunn, ikkje naboavdelinga heller.

Er det pengar å spara

Skal skular leggjast ned, er det i Fusa kun på grunnlag av økonomi og innsparing. Men kan me eigentleg spara store pengar på å legga ned ein eller fleire skular? Dette har det vore leigd inn konsulentar til å finne ut av opp til fleire gonger, men ingen klarer å finna dei store summane. Me veit me sparer på færre lærarar og færre assistentar. Vedlikehald blir mykje det same for tak over hovudet må elevane ha uansett om det er to små eller ein stor skule. Men med færre skular, må me byggja. Låna pengar. Mykje pengar. Det me vil spara i drift, dekkjer ikkje ein gong renteutgiftene på desse store låna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedteke med underskot

I brev frå fylkesmannen fra mai 2015 står det at Fusa kommune no er på "ver varsam-lista" og på vei til Robek-lista. Dei skriv også at Fusa kommune ikkje bør pådra seg meir lånegjeld med mindre låneprosjekta er sjølvfinansierande. Her må me tenkja oss om så ikkje idrettshallen i Eikelandsosen ryk til med det same.

Dette brevet kom som følgje av eit budsjett frå 2014 som vart vedteke med underskot til tross for at dispososjonsfondet (back-up fondet til kommunen) også vart nytta (les; er så godt som tømt).

I fjor var det budsjettet til Frp Ap, V og KrF som fekk fleirtal. H, Sp og SV hadde eit budsjett som verken gjekk i minus eller tok frå disposisjonsfondet. Men dette hadde då ei løysing med å auka eigedomskatten med 1 (liten) promille.

Nedlegging av skular vil ikkje gi bedre råd til kommunen. Kvaliteten har me ingen forsikring om at vil bli like bra som no heller. For foreldre har dette mykje å seia.

Nokre meiner det ikkje vil ha noko praktisk betydning kor skulen ligg, ungane får jo kjøra skulebuss. Men det gjeld kun dei borna som ikkje har behov for SFO. Fylket dekker ikkje skulebuss til SFO, ikkje går det buss heller, så skal ungane på SFO, må foreldra køyra dei.

Bra å bu i Fusa

Det har vore lagt ned skular i kommunen før, fleire gongar. Kommunen har aldri fått god økonomi av den grunn. Men no er det vel ikkje sånn at kommunen skal vera eit stort overskotsforetak heller. Men dei skal ha midlar til å gi innbyggarane lovpålagte tenester. Og det har dei i dag. Me ligg faktisk på topp når det gjeld kvalitet på tenester, og det synes eg me skal ta innover oss, forvalta og ta vare på.

Og dersom ein spør innbyggjarane i Fusa, er det så ille å bu i Fusa? Nei, det er faktisk kjempebra å bu i Fusa. Me har barnehageplassar, skular, trygge nærmiljø, leikeplassar, ballbingar, butikk, senter, apotek, eit vaksande og variert næringsliv, kort vei til byen, (behageleg køyretur til byen etter at Tyssetunnelen opna), me har lag og organisasjonar med varierte tilbod av fritidsaktivitetar både for born og eldre, arrangement og kultur. Og ikkje minst eit paradis av naturopplevelsar for dei som liker seg både i sjø og på fjell.

Dette meiner eg bør vera viktig framover for folkevekst i Fusa: La skulestrukturen ligga, arbeid for SFO-tilbod på alle skular og sats på tomter og utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønsk flyktningar velkomen

Folk må i stor grad få bygga seg hus der dei ønskjer. Dei må kunna velja om dei vil bu på Nordtveit, i Oppsalmarka eller Holsundet. Me må leggja til rette for nyetableringar av tomannsbustader og større prospektutbyggingar, slik at dei som ikkje vil bygga sjølv også har andre alternativ.

Og avslutningsvis: Ønsk flyktningar velkomne. Om ikkje me kan hjelpa dei, kven kan det då? I tillegg synest eg at alle innbyggarane i Fusa bør bli flinkare til å promotera Fusa som den fantastiske bukommunen den er!

Ranveig Næss

Fusa Høgre, 6. kandidat