Os Tomteselskap er 50 år
Os Tomteselskap vart stifta 20.09.1966. Aksjeinnehavarar var Os kommune, Bergen og Omland Boligbyggelag (BOB) og Norske Bolig-byggelags Landsforbund (NBBL), sistnemnde var sekretariat. Dette var eigarar med stor gjennomføringskraft, skriv Tor A. Lunde.
LESARBREV: Først vil me takka Os Bygg og Eigedom AS for at kona og eg fekk vera med på ein utruleg kjekk 50-års jubileumsfest i Oseana 10. november.
Eg vart tilsett i Os kommune teknisk etat i 1966, same år som Os Tomteselskap AS vart stifta. Som tilsett i kommunen hadde eg oppdrag for tomteselskapet i forskjellige roller fram til 2005. Notat er gjort undervegs og eg har følgd med på selskapet sin flotte innsats for Os-bygda fram til i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bustadbyggingsprogram
På 1970- og 1980-talet kom bustadbyggingsprogram til behandling i Os kommunstyre kvart år. OT var kommunen sin reiskap i bustadpolitikken. 60-70% av all bustadbygging i Os skjedde i OT sine bustadfelt. Det skulle ikkje byggjast berre rundt Osøyro, men òg i dei fire største krinsane.
Krinssenter
OT fekk i oppdrag å leggja grunnlaget for krinssenter i dei største krinsane: Nore Neset med Skorvanefeltet, Lysefjorden med Hellebakkanefeltet og Søre Neset med Halhjemsmarkafeltet. Søfteland med Eikhaugenfeltet vart tilrettelagt av Os kommune, teknisk etat.
Etter å ha foretatt strategisk oppkjøp av store skogs- og utmarksområde, stod OT for kommunalteknisk tilrettelegging og foretok tomtesal.
Etter at OT hadde lagt grunnlaget, er områda heilt fram til no vidareutvikla til å verta gode krinssenter.
God arealforvalting, god planlegging og utføring, kort gangavstand frå bustad til skule, barnehage, idrettsplass og andre fellestiltak, kjenneteiknar dagens krinssenter.
Prosjekt i Os-krinsen
I Oskrinsen tilrettela OT på 1970- og 1980-talet bustadfelta Mobergshaugane 3, Varåsen og Gudridhaugen og foretok arealkjøp på Ytre Moberg.
Industriområde i Kolskogen vart tomteteknisk tilrettelagt av tomteselskapet. Tilrettelegginga skjedde etappevis på 1970- og 1980-talet.
Burettslaga
BOB kjøpte tomter av tomteselskapet og etablerte burettslaga Varåsen, Kolskogen og Småhaugane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei tre burettslaga inneheld nesten berre familieleiligheiter. Moderat inngangskostnad gjorde det mogleg for unge familiar å koma inn på bustadmarknaden.
Folketalsutvikling
På 1970- og 1980-talet hadde Os kommune kraftig vekst i folketalet grunna stort innflyttingsoverskot. 2- 3% årleg auke var ikkje uvanleg. På det meste var ein oppe i 3,5% årleg auke.
1988-1997
Økonomiske nedgangstider med manglande etterspurnad etter bustadtomter, gjorde at OT fekk økonomiske problem. BOB og NBBL gjekk ut av tomteselskapet, slik at Os kommune stod att som einaste eigar. Det var liten eller ingen aktivitet i selskapet desse åra.
For å ha driftsmidlar i desse vanskelege åra, selde OT midt på 1990-talet eit tomteområde ved Kuhnlevegen til privat utbyggjar.
1998-2004
På slutten av 1990-talet vart det etter kvart ny etterspurnad etter bustadtomter.
Bustadfelta Ytre Moberg 1 og Halhjemsmarka 2 vart tomteteknisk tilrettelagt og tomter vart seld. Økonomien i selskapet tok seg opp att med fine rekneskapsmessige overskot.
Tomteselskapet såg potensialet i området Søfteland - Lyseparken - Helleskaret og starta oppkjøp av store framtidige utbyggingsområde her: Gåsakilen (115 daa) og Endelausmarka ved Lyseparken (520 daa). Til saman 635 daa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grunntingingar for areal til Lyseparken starta opp i samarbeid med ordføraren.
Kommunalteknisk infrastruktur
Då tomteselskapet starta si utbygging i dei forskjellige felta, var utgangspunktet stort sett skogs- og utmarksområde utan tekniske installasjonar. Tomteselskapet bygde kommunalteknisk infrastruktur med god kapasitet og kvalitet fram til og internt i felta. Dette grunnleggjande arbeidet har kommunen og private utbyggjarar seinare dradd nytte av ved vidareutvikling av områda med t.d. skule, barnehage, ballplass og private bustadprosjekt.
Fusjon med Os Bygg og Eigedom
Os Tomteselskap AS gjekk i 2005 inn i Os Bygg og Eigedom AS med store arealreservar: Solliafeltet på Ytre Moberg (40 daa), Halhjemsmarka 3 (140 daa), Gåsakilen (115 daa) og Endelausmarka ved Lyseparken (520 daa). Til saman 815 daa.
Etter det me kjenner til, har ikkje Os Bygg og Eigedom AS kjøpt nye utbyggingsområde/råareal etter fusjonen. Store overskot er brukt til kjøp av eigedomar på Osøyro.
Tomteprisar
I perioden 1970 til 1987 låg tomteprisane godt over kostpris, men under marknadspris. Overskotet vart nytta til oppkjøp av nye utbyggingsområde /råareal.
Frå 1998 til 2004 vart bustadtomtene selde til låg marknadspris. Overskotet vart også då nytta til oppkjøp av nye utbyggingsområde /råareal.
Miljøprosjekt
Noko kan skuldast tilfeldigheiter, men det er ein realitet at tomteselskapet sine disposisjonar har gode miljøkvalitetar: 1. Tomteselskapet har kjøpt mellom 2.000 og 2.500 daa utbyggingsområde/råareal utan å ta av dyrka mark. 2. Felta har kort gangavstand frå bustad til skule, barnehage, ballplass og andre fellestiltak. 3. Bortsett frå Skorvane og Hellebakkane ligg alle felta langs bussaksen Halhjem - Osøyro - Søfteland - Bergen med kort gangavstand til busstopp.
FAKTA
Byggeår for dei ulike felta
Artikkelen held fram under annonsen.
Mobergshaugane 3 - 1970
Varåsen - 1973
Gudridhaugen - 1975
Eikhaugen - 1975 (kommunalt prosjekt)
Skorvane - 1978
Hellebakkane - 1982
Halhjemsmarka - etappevis 1987-2016
Ytre Moberg - etappevis 1998-2007
Artikkelen held fram under annonsen.
Kolskogen industriområde - etappevis 1977-1999
Tor A. Lunde