Flott innsats i Pingvinlekene
- Det er kjekt å kunna visa fram at me gjer andre ting enn berre fotball i Lysekloster Idrettslag, seier Maria Bos.
Maria er saman med Arjan Bos, trenarar for friidrettsgruppa til Lysekloster. I helga hadde dei med seg åtte unge friidretts-entusiastar til Leikvang Friidrettshall for å tevla i Pingvinlekene 2016.
- Vi fekk diverre litt sjukdom i troppen. Elleve deltakarar var påmelde, men tre vart sjuke. Alle åtte som deltok, kunne reisa heim med ny personleg rekord og flotte premiar frå Akvariet i Berge, seier Maria og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- For fleire av desse var det første gong dei var med på eit friidrettstemne og dei fekk ei flott oppleving.
Stort arrangement
Med 650 deltakarar og 1.800 enkeltstartande, blei Pingvinlekene det største innandørs friidrettstemne som har vore arrangert på Vestlandet noko sinne. I tillegg til lysefjordingar stilte også osingar og søftelendingar til start i friidrettsarrangementet.