Lenger enn dette får ikkje entreprenør Consto laga veg pga. funn av buplassar og mogleg grav framføre Luranetunet.
Lenger enn dette får ikkje entreprenør Consto laga veg pga. funn av buplassar og mogleg grav framføre Luranetunet.

Hit, men ikkje lenger

Funn av potensielle fornminne har no kosta Luranetunet-utbygginga tre månader. Ei avklaring frå riksantikvaren let venta på seg.

På grunn av dei mange fornminna i området mellom Hauge, Lyssand, Moldegaard og Lurane kravde fylkeskonservatoren i fjor å få utføra forundersøkingar på staden der Os kommune har tenkt å etableranye omsorgsbustader for 170 mill. kroner(eks. moms).

Mogleg gravfunn

- Dei fann to buplassar, noko dei trur er ei grav, samt kokegroper, seier prosjektsjef Tor Inge Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kan ein byggja over dette, dersom det er ei grav?

- Det er det me har søkt om. Det er ikkje sjeldan ein får dispensasjon til å gjera dette, men det er berre riksantikvaren som kan gje det, seier Døsen.

Ein kamp mot klokka

Fylkeskonservatoren har innstilt positivt i si tilråding til riksantikvaren, men denne har ikkje gjeve noko signal enno. Døsen kallar situasjonen ein "kamp mot klokka".

På bakken framføre Luranetunet er det funne spor etter menneskeleg busetnad og ei potensiell grav.
På bakken framføre Luranetunet er det funne spor etter menneskeleg busetnad og ei potensiell grav.
Det er også registrerte kongsgraver litt lenger bak Luranetunet, og denne vegen er bygt utanom desse. (gravene ligg til høgre i biletet)
Det er også registrerte kongsgraver litt lenger bak Luranetunet, og denne vegen er bygt utanom desse. (gravene ligg til høgre i biletet)
Consto sine maskiner har rolege dagar.
Consto sine maskiner har rolege dagar.

- Ei forseinking kostar alltid pengar. No er me tre månader skeivt ute alt. Me var lova svar i januar, og no får me ikkje vita kva som skjer, seier han.

I verste fall kan det også få konsekvensar for kva tid nye Luranetunet kan vera ferdigstilt.

- Bygda treng desse omsorgsplassane. Fram til hausten 2015 har me greidd å ta imot utskrivingsklare pasientar frå Haukeland ved hjelp av Øyeblikkelig Hjelp-senger. Men no er me nådd den smertegrensa at me stundom må betala for liggedøgn på Haukeland i staden, seier Døsen.

Parkerte maskiner

Thomas Jordal hjåentreprenør Consto fortel at medan dei ventar på å gå i gang med hovuddelen av prosjektet, har dei teke for seg ein annan del av oppdraget.

- Me har teke til på den delen av dagsenteret som ikkje er i konflikt med gravene eller dei nye funna. Men dei største maskinene våre står parkerte inn til vidare, seier Jordal.