13 kilometer med turløyper slynger seg rundt på den 700 mål store øya. Her er det fint å gå også med barnevogn.
13 kilometer med turløyper slynger seg rundt på den 700 mål store øya. Her er det fint å gå også med barnevogn.

Lysøen klar for sommarsesongen

Sommaren vert er ekstra lang på Lysøen i år, med liv og røre til langt ut i september, mykje takk vere Lysøens venner.

- Det vert som regel stille her når Festspillene er ferdige i byrjinga av juni, fortel leiar i Lysøens Venner, Bjørn Laastad.

Difor tok venegruppa i fjor grep for å skapa litt meir liv og røre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For fyrste gong var det aktivitet på øya sommaren i gjennom. Vi arrangerte alt frå konsertar til føredrag og turar rundt på øya, fortel Laastad.

- Museet er utruleg glade for venegruppas arbeid. Vi utfyller kvarandre veldig godt, seier direktør for Museet Lysøen, Berit Høgheim.

Barndomens paradis

Leiaren for venegruppa har teke med seg lokalavisa til barndomens paradis. Som gut var han ofte her på Lysøen ilag med faren Egil Laastad, ein av pionerane i arbeidet med å ta vare på dei mange kulturminna her.

Årestova bak til venstre skal daterast og restituerast, fortel leiaren for Lysøens venner, Bjørn Laastad. Her i samtale med oppsynsmann Roar Helland.
Årestova bak til venstre skal daterast og restituerast, fortel leiaren for Lysøens venner, Bjørn Laastad. Her i samtale med oppsynsmann Roar Helland.
Bjørn Laastad tek ein pust i bakken på ein av dei hittil 10 steinbenkane som Lysøens Venner har sett opp.
Bjørn Laastad tek ein pust i bakken på ein av dei hittil 10 steinbenkane som Lysøens Venner har sett opp.
Gjestebrygge med fire båtplassar var nytt av året i fjor.
Gjestebrygge med fire båtplassar var nytt av året i fjor.

- For meg personleg har ikkje Ole Bull og musikkhistoria vore det viktigaste, men Lysøen som naturperle og ein lett tilgjengeleg rekreasjonsstad, seier han.

Urban asfalt

Sjølv er han glad i å jogga her. Han minner om at dei 13 kilometrane med turløype er langt meir skånsame for kroppen enn urban asfalt.

Laastad er ikkje åleine. I alle fall vert han ikkje det når turmarsjen «Lysøen Rundt» komande søndag går av stabelen for 22. gong.

I fjor deltok meir enn 800 personar.

- Vi legg ut postar undervegs med spørsmål ein helst ikkje skal kunna finna svar på ved å bruka mobiltelefon. Dette skal vera ein kjekk dag for heile familien, smiler Laastad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dugnad

Lysøens venner består av frivillige som arbeider for å verna og utvikla Lysøen. Ikkje berre samlar dei inn pengar og planlegg aktivitetar. Ein torsdag i månaden er det også god, gamaldags dugnad.

- Vi har mellom anna ein del pensjonistar som gjer ein uvurderleg innsats, men vi har plass til mange fleire, seier Laastad inviterande.

Eit stort båtlass med skjellsand ligg nede på lastekaien. Oppsynsmann Roar Helland, den einaste fastbuande på øya, køyrer traktorlass etter traktorlass for å strø vegar og turløyper på den 700 mål store eigedomen. Alt må vera klart til turistsesongen.

Cruiseturistar

Passasjerar frå det omdiskuterte og no nydøypte «Viking Star», har teke turen til Lysøen i finevêret. Eit eldre ektepar, umiskjenneleg amerikansk, kjem bortom direktør Høgheim for å skryta av vaflene på museet.

- Dei smakar betre her hos deg enn på skipet, men det må du ikkje seia til nokon, ler dei.

Etter ein time og to, trippar amerikanarane den att til skyssbåten som ventar ved kaien.

Pust i bakken

- Det er vel ikkje så lett å få småskodde amerikanske cruiseturistar lenger enn til sjølve lystslottet?

- Nei, dei som kjem i grupper er nok mest interessert i Bulls liv og heim, men vi trur det er potensiale for at langt fleire enn i dag får augene opp for alt det andre øya kan by på. Her er det fred og ro og vakker natur, seier Laastad og tek ein pust i bakken på ein steinbenk i bakkane over slottet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sponsorplakettar

Lysøens venner har sett opp 10 slike rundt omkring på øya. Alle har fått Bull-relaterte titlar og ein liten plakett på baksida der namnet på sponsoren er inngravert.

-Kvar benk kostar 10.000 kroner, men dei fullstendig vedlikehaldsfrie og vil stå i mange. mange år, smiler Laastad.

Fem nye benkar skal setjast opp i løpet av sommaren.

Ny gjestebrygge

Nede ved sjøen ligg også ei flett ny gjestebrygge med fire båtplassar, og ei til er undervegs.

- Dette er noko vi i Lysøens venner har arbeidt med, men midlane kjem frå næringsaktørar som Rieber, Friele og Drange båtservice, fortel Laastad.

Venegruppas neste prosjekt er å få datert og restaurert årestova som er ein del av husmannsplassen.