Gratulerer med dagen!

Feiringa av nasjonaldagen i Os og Fusa er tradisjonsbunden - i år rett nok med ein vri på hovudprosesjonen. Riktig god 17. mai!

For Os sin del startar dagen med Os Musikkforening som spelar frå Finnebrekka kl 07. Kl 10.00 vert det tale ved kommunestyrerepresentanT Emil Tetlie Brimsholm og innslag ved Os Musikkforening på Luranetunet.

I Minneparken skal Andris Hamre halda årets tale. Her vert det song av Os Mannskor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste post på programmet er oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule.

Ruta til toget er i år som følgjer: Toget går opp Landboden og over gamlebrua til Finnebrekka. Ut Finnebrekka til Hatvikvegen kor vi kryssar over og går opp gangstien til Haugsneset, vidare opp til sjukeheimen. Frå sjukeheimen ned Smiebakken til Steinneset, over Osbrua via rundkøyringa og bussterminalen, forbi Prix og inn på Kyrkjeflaten.

- Bilane som vert med i toget, køyrer ned Hatvikvegen når vi kjem dit, rundt Irisgården og stiller seg opp for å hekta seg på toget igjen når det passerer Steinneset, opplyser Kjetil Osablod Grønvigh.

I Fusa

Kl 10 er det open kyrkje på Fusa med kranspålegging. Ved Fusa skule vert det salutt og song før toget, som tradisjonen tru har stopp ved Eikhovdaheimen. Her vert det ord for dagen ved tidlegare ordførar Hans S. Vindenes.

Tilbake i Fusa samfunnshus står 7. klasse ved Fusa skule for tale for dagen og det vert underhaldning ved dei andre elevane. Før det et tid for leik, is og hit dog så langt augene rekkjer.