Mann mistenkt for posttjuveri
Ein mann i 20-åra vart måndag pågripen og teken inn til avhøyr etter mistanke om posttjuveri.
I helga fekk Os lensmannskontor melding om nye tjuveri av post frå postkassar i området nær Os sentrum. Måndag pågreip dei ein mann i 20-åra. Han er no mistenkt for desse tjuveria.
- Me har prata med han og me vil avhøyra han vidare. Me meiner det er sannsynleg at me har rett mann, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han grunngjev dette mellom anna ved at den mistenkte i helga prøvde å bruka andre personars kredittkort.
Kan vera samanheng
Mannen som er mistenkt for posttjuveria er osing. Politiet vil også etterforska om denne personen kan ha hatt noko med tidlegare posttjuveri i området kring Os sentrum å gjera.
- Det har vore mange posttjuveri dei siste åra. Me vil sjølsvagt undersøka om det er nokon samanheng med det denne karen her er mistenkt for, og det som har skjedd tidlegare, seier Audun Hadler-Olsen.
Tjuveri av postkassar
Politiet i Os har også fått melding om tjuveri av postkassar på Nore Neset. Dei trur likevel ikkje dette har noko med posttjuveri-saka i Os å gjera.
- Nei, me har ingen grunn til å tru det. Tjuveria av postkassane skjedde i Skeisleira på Nore Neset, og me ser førebels ingen samanheng, seier Hadler-Olsen.
Ifølgje eigarane av postkassane vart dei fjerna ein gong mellom fredag klokka 18 og laurdag klokka 12.
- Me ønskjer gjerne tips i saka, avsluttar Hadler-Olsen.