Skyss lovar digital rutevisning på Osøyro
Skyss seier at skjerm med digitale rutetider vil vera på plass i løpet av nokre månader.
Pressekontakt hos Skyss, Ingrid Dreyer, seier at som ledd i arbeidet med å forbetra ruteinformasjonen på terminalar og haldeplassar, har dei konkrete planar om å setja opp ein skjerm med digitale rutetider på Osøyro.
- Dette vil gjera det vesentleg lettere å lesa rutetidene for dei reisande. Vi reknar med at den vil vera på plass i løpet av nokre månader, seier ho til Os og Fusaposten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rutetidene for terminalen på Osøyro heng i dag i eit glassmonter på veggen. Det har kome tilbakemeldingar på at det er vanskeleg å lesa kva rutene, spesielt når mørket fell på.
post@osogfusa.no