Turmarsjen har tradisjon som den mest besøkte hendinga på Lysøen.
Turmarsjen har tradisjon som den mest besøkte hendinga på Lysøen.

Sesongstart på Lysøen

Søndag markerer den årlege turmarsjen sesongopninga på Lysøen.

Turmarsjen har tradisjon som den mest besøkte hendinga på Lysøen. Sjølve turen er rundt fire kilometer lang, og mange barnefamiliar finn vegen til øya og dei barnevenlege turstiane denne søndagen.

Kommunikasjonsrådgjevar ved KODE, Anette Basso, fortel at det denne sesongen vil bli satsa ekstra på aktivitetar og konsertar i komponistheimen til Ole Bull.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I juni opnar badeplassen Apalvika, og kvar søndag i juli tilbyr vi publikum konsertpakke med skyss til og frå Bergen, opplyser Basso.