Nasjonale prøvar: Framleis under snittet
Framleis ligg Os under lands- og fylkessnittet i alle fag på 5. trinnet. På ungdomsskulen held denne trenden fram, med unntak av i reknefaget.
I engelsk 5. klasse ligg Os skulane noko under lands- og fylkessnittet. Her ligg 24,2 prosent og 22,2 prosent av elevane på høgaste meistringsnivå, medan 19,3 prosent gjer det same i Os. I motsett ende av skalaen er 31,3 prosent på lågaste nivå i Os, medan tilsvarande tal for landet og fylket er 25,7 og 24,4 prosent.
Likevel syner tala at årets kull gjorde det klart betre enn fjorårets, og det året før. Båe åra var over 40 prosent på meistringsnivå 1, og rundt 15 på beste nivået.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lesing: 31 prosent på lågaste nivå
I lesing 5. klasse gjeld same trend som for engelsk. I Os er 17,5 prosent av elevane på beste nivå, mot 21,9 og 23,9 prosent på fylkesnivå og på landsnivå. 31,3 prosent er på lågaste nivå, mot 27,5 og 25,4 prosent regionalt og nasjonalt. I høve til fjorårets kull er det færre på lågaste nivå i år (36,6 i fjor mot 31,3 i år), men omtrent identisk på beste nivået (17,5 prosent). Året før det att var 23,6 på beste meistringsnivået.
Rekning 5. klasse
I rekning 5. klasse følgjer resultata same mønster som for engelsk og norsk. Ein ligg noko under lands- og fylkessnittet med færre på beste nivå og fleire på lågaste. Og som for norsk, er det ein reduksjon av dei på lågaste nivå i høve til fjorårets kull, medan lik andel er på beste nivået.
I alle faga på 5. trinnet er andelen elevar på meistringsnivå 2 nesten heilt likt som lands- og fylkessnittet.
Resultata frå ungdomsskulen
På 8. trinnet er det fem meistringsnivå mot tre på 5. trinnet. I engelsk er både dei på beste nivået (nivå 5), på midtste nivået (nivå 3) og dei på dårlegaste nivået (nivå 1) på landssnittet. Det som skil seg ut er dei på nivå 2 og 4. Her er 17,1 prosent av elevane på beste nivå, mot 20,4 og 19,8 prosent på fylkesnivå og på landsnivå. Kvar femte elev er på nestlågaste nivå (20,9 prosent), mot 16,8 prosent og 17,7 prosent på fylket og landet. I høve til fjorårets kull er det nokre færre på beste nivået, men også nokre færre på dårlegaste nivå, medan det er fleire på nivå 4 (17,1 prosent mot 15 prosent året før).
Leseresultat under snittet
I lesing ligg også 8. trinnet i Os under snittet. Det er færre på dei to beste nivåa og fleire på dei to lågaste nivåa enn kva som gjeld på fylkesnivå og på landsnivå. Målt opp mot fjorårets kull er det fleire på beste nivået (9,7 prosent mot 7,2 prosent i fjor), og framgang også på dei to lågaste trinna. Men målt opp mot året før det att, er det ein tilbakegang over heile linja.
I reknefaget er 8. trinnet meir på snittet, med berre marginale skilnader i noko lei. Det er så vidt fleire på dei to beste nivåa i rekning enn på fylkessnittet, og tilsvarande færre på lågaste nivået.
9. trinnet gode på rekning
Det blir ikkje gjennomført nasjonale prøver for engelsk på 9. trinn, så dette har ein ikkje tal for. Innan lesing ser ein at årets kull har gjort det betre enn fjorårets på alle nivå, unntatt på beste nivået. 17,5 prosent av elevane var på beste nivå i år, mot 20,6 i fjor. På landsbasis var i år 22,3 og 23,1 prosent på beste nivået.
På rekning ser ein større spredning i høve til året før. Nesten kvar fjerde elev er på beste nivå i rekning. Dette er også klart betre enn i fjor (23,8 prosent mot 18,6 ). Berre 2,2 prosent er på lågaste nivå i rekning (mot 6,9 prosent året før) men 18,4 prosent på nestlågaste nivået, mot 11,7 prosent året før.