Fokus på forbruk på verdas miljødag

Fredag 5. juni er verdas miljødag. Tema i år er berekraftig forbruk. Om alle skulle levd som nordmenn måtte me hatt tre jordklodar til rådvelde.

Likevel legg me i Noreg opp til ein vekstpolitikk som er på kollisjonskurs med tanken om berekraft. Dette blir gjort sjølv om det er klart at me ikkje blir lukkelegare av stadig aukande forbruk. Stadig fleire ser at meir tid til å vera saman med born, familie og vener er viktigare, og gjev betre livskvalitet enn å skaffa seg stadig meir utstyr og eigedom som ein knapt har tid til å halda ved like.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessutan veit me at me må omstilla oss til eit samfunn utan materiell vekst. Uendeleg vekst på ein endeleg klode er ikkje mogleg. Miljøpartiet Dei Grøne la difor i mai fram eit forslag i Stortinget der regjeringa vert beden om å leggja fram ei målsetting for korleis det materielle forbruket i Noreg skal reduserast til eit berekraftig og rettferdig nivå innan 2030. Det må lagast ein plan for å betra kvaliteten og auka levetida for varene me kjøper. Me treng eit system for korleis me lettare kan dela på utstyr me sjeldan brukar. Det store kjøpepresset og all reklamen me til dagleg er utsette for, må reduserast.

Verda sin miljødag er viktig som ei markering av at vi har eit ansvar for å levera frå oss jordkloden i god stand til våre etterfølgjarar. Me eig ikkje jorda, men har henne til låns. Dei som kjem etter oss har same rett som oss til eit godt liv på ein klode i balanse. Som Mahatma Gandhi sa: «Jorda har nok til alle sine behov, men ikkje til alle si grådigheit».

Nils-Anders Nøttseter

og Gunnar Kvåle

Miljøpartiet Dei Grøne, Os

Bjørghild des Bouvrie,

Miljøpartiet Dei Grøne, Fusa