Bryggjer opp til dans
- Me gler oss til å gjenta suksessen frå i fjor. Finvêret har meldt sin ankomst, seier ordførar Terje Søviknes før laurdagens bryggedans.
Bortimot 1.000 gjester deltok på fjorårets bryggedans ved Os Sjøfront. På laurdag er Anders Lekven og hans mannskap på Statsraad Lehmkuhl nok ein gong på plass med si flotte skute.
Det nær 85 meter lange seglskipet frå Bergen dannar altså nok ein gong rammene for ein bryggedans med nostalgisk tablå.
Artikkelen held fram under annonsen.
- For inngangspengane vert det fullt rekebord både på brygga og/eller om bord i "Statsraaden". Til dansen har me henta gode krefter frå både Fusa og Os. Håvard Skåthun representerer førstnemnde, medan Hans Marius Johnsen og hans HM Johnsen band representerer osingane, seier Søviknes.
Avslutning med knall
I fjor var dansen utelukkande for dei over 18. Laurdag kan også dei som er yngre få vera med, dog i følgje med minst ein vaksen.
- Me ønskjer at flest mogleg skal få denne sommarfesten med seg, men for å vera sikre på at dei som ikkje er gamle nok til å nyta alkohol skal få tilgang til dette, vil me utstyra gjestene med ulike typar armband, seier Søviknes.
Dagen etter festen er han blant dei heldige som skal vera med "Statsraaden" på tokt til Shetland.
- Det gler eg meg skikkeleg til. Men før det skal me altså ha dans og fest på Os Sjøfront. Kvelden blir spektakulær med fyrverkeri rundt midnatt. Det er framleis billettar å få. Eg håpar å sjå så mange osingar som mogleg, avsluttar ordføraren.