Ein svært nøgd Gudmund Snilstveit kryssa mållina i Otepää berre 34 sekund bak vinnaren frå Ukraina.
Ein svært nøgd Gudmund Snilstveit kryssa mållina i Otepää berre 34 sekund bak vinnaren frå Ukraina.

Andreplass i Otepää

Med andreplass i Estland 70,3 noterte Gudmund Snilstveit seg for karrierebeste.

Frå før av har fusingen vunne bronse både i Haugesund 70,3 og Taiwan 70,3, men aldri tidlegare har han hanka inn sølv i ein internasjonal ironman-konkurranse. I så måte var konkurransen i estlandske Otepää laurdag ein milepåle for kondiskongen frå Vinnes.

Kom tilbake

Gudmund låg som vanleg eit godt stykke bak teten etter symjedelen, men etter fantastisk sykling, såg det heile langt lysare ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han var over 3,30 bak teten etter symjinga, men etter dagens beste sykkeltid reduserte han forspranget til berre 30 sekund, fortel søskenbarn og støttespelar Gitle Snilstveit.

Gudmund var også oppe på andreplass ut på løpsetappen, men litt ut i distansen vart han passert av ein russar.

- Det kunne gått mot ein ny tredjeplass, men Gudmund mobiliserte og passerte russaren igjen då det stod att fem kilometer. Deretter tok han også innpå den ukrainske leiaren, Viktor Zyemtsev, men ikkje meir enn at ukrainaren vann med 34 sekund ned til Gudmund, som sjølv klokka inn på 4.03,46 i ei noko kupert løype.

Gode pengar

Den sterke andreplassen gav fusingen også ein solid pengepremie, heile 2.000 amerikanske dollar.

Trass i dette gode resultatet vert dessverre ikkje mogleg for Gudmund å nå sitt store mål om å delta i Hawaii-VM i inneverande år. Grunna mageproblema i Texas og bommen i Frankfurt tidlegare i sommar har fusingen totalt sett for få poeng til å kvalifisera seg denne sesongen.