Før jul vart grunnarbeidet med fleirbrukshallen i Fusa avslutta. (Arkivfoto)
Før jul vart grunnarbeidet med fleirbrukshallen i Fusa avslutta. (Arkivfoto)

Arbeider med ny entreprise

I desember bestemte kommunestyret i Fusa at fleirbrukshallen var blitt for dyr, og at prosjektet måtte ut på anbod på ny. Seinkinga vil berre ta éin til to månader ekstra, trur ordførar Atle Kvåle.

- Det er "peanuts" i den store samanhengen, seier ordføraren.

22. desember møttest referansegruppa (formannskapet) og prosjektgruppa for hallen for å følgja opp vedtaket frå 15. desember. Møtet var ifølgje ordføraren eit veldig konstruktivt møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Prosjektgruppa har gjort ein god jobb. Årsaka til at vi stogga prosjektet var at tilboda frå den første anbodsrunden var altfor kostbare. Vi kan ikkje forvalta offentlege midlar på ein slik måte, seier Kvåle om prisstiginga på vel 11 prosent, frå 73,5 mill. kroner i budsjettet for 2015 til i underkant av 82 mill. kroner (totalpris for prosjektet).

Ny runde etter nyttår

I samarbeid med administrasjonen vart politikarane samde om å endra entrepriseform på hallen, samt å laga ein funksjonsskildring.

- Målet er å få ned prisen på prosjektet, samstundes som ein ikkje reduserer kvaliteten på hallen, seier Kvåle.

Ordførar Atle Kvåle skildrar møtet før jul som svært konstruktivt. Vona er at endringa av entrepriseform ikkje skal føra til store endringar i framdriftsplanen. (Arkivfoto)
Ordførar Atle Kvåle skildrar møtet før jul som svært konstruktivt. Vona er at endringa av entrepriseform ikkje skal føra til store endringar i framdriftsplanen. (Arkivfoto)

I møtet i førre veke diskuterte formannskapet og prosjektgruppa økonomien i prosjektet og den nye tilbodskonkurransen. Representantane frå dei to gruppene gjekk også gjennom romprogrammet, korleis ein skal utforma funksjonsskildringa (kvalitetar, detaljnivå) og kva tildelingskriterium ein skal nytta, og vekting av desse.

- Det er bygd så mange fleirbrukshallar rundt om kring i Noreg, og i Hordaland, at det finst ein del standardløysingar som gjer det mogleg å kutta kostnader utan at går på bekosting av det hallen skal innehalda, påpeikar ordføraren.

Kvåle seier at han er spent på kva kommunen får inn av tilbod i den nye anbodsrunden. Meldinga frå politikarar og andre er i alle fall klar: Overskridingar av budsjettet er uaktuelt.

Ordføraren er ikkje uroa for at det ekstra strevet skal seinka framdriftsplanen noko særleg.

- Så snart prosjektgruppa er ferdig med totalentreprisen og funksjonsskildringa vert denne sendt ut. Det skal skje så raskt som mogleg etter nyttår, seier han, og skisserer ei seinking på éin til to månader.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette vil det truleg vera mogleg å ta igjen i byggjeperioden. Det viktigaste av alt er at vi har klart å realitetsorientera oss med tanke på kostnader, slår ordføraren fast.