Spanjolane kjem attende
Grunna stor interesse for «The Spanish Way», går Lysekloster bort frå planane om å arrangera fotballskulen anna kvart år.
- Me såg på høve til å få til fotballskulen i år også, då det har vore stor interesse. Heldigvis passa det for dei spanske trenarane, seier Sandal og held fram:
- Det er mykje som skal klaffa, og det er ikkje sikkert me får det til neste år. Det må tilpassast spanjolane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Same trenarteam som i fjor
Fotballskulen i Lysefjorden såg dagens lys i 2012. I fjor var det nok ein gong spanjolar i sving på Lysekloster Framo Idrettspark.Fotballskulen vert arrangert i samarbeid med European Elite Football frå Mallorca, og i år som i fjor er det Enriq Taberner Palmer som leier opplegget.
- Det er det same teamet som i fjor. Dei er dyktige trenarar med erfaring frå topplag. Enriq har til dømes vore trenar i den yngste ungdomsavdelinga til Real Madrid, seier Sandal.
Spanjolane er ikkje berre gode trenarar. Dei er også sosiale, og får god kontakt med dei unge fotballskule-deltakarane, i følgje Sandal.
Snart fullbooka
Det er tydeleg at «The Spanish Way» har gjeve meirsmak for unge fotballentusiastar. Det er alt 40 påmeldte, og berre ti plassar att.
- Det er veldig mange som kjem att, og me er snart fullbooka, utan at me har fronta fotballskulen i lokale medium, seier Sandal.
Dyrare grunna kvaliteten
Tysdag 11. august går fotballskulen av stabelen, og varer til og med laurdagen. Skulen er open for born og ungdom i 9-16-års-alderen. For å delta må ein ut med både dobbelt, og tre gonger så mykje penger som på dei andre fotballskulane i kommunen.
- Sjølvsagt vert me litt dyrare med det opplegget me har. Det kostar å henta topp-trenarar frå Spania. Andre skular har kanskje kjende trenarar innom i ein eller to dagar, medan me har dei heile veka, seier Sandal.
Klubben får inn litt mynt i kassen, men det er ikkje det viktigaste, i følgje Sandal.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er to ting som er viktig for oss. Me ønskjer å ikkje tapa penger, og me ønskjer å tilby eit godt opplegg for born og unge.