(
(

Rauk ut på hip hop-kvelden

Tida i Stjernekamp er over for Eirik Søfteland.

Eiriks versjon av Outkasts Ms Jackson heldt ikkje heilt i kveld. Sjølv om han fekk skryt av dommarane, særleg for siste halvdel  av songen, fekk han ikkje nok røyster til å bli med til opera-runden.

- Synd at det måtte enda så tidleg, sa ein litt skuffa Søfteland til nrk.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Osingen hadde sett fram til opera-runden, men slik vart det altså ikkje.