Microsoft slår ikkje på tråden

Den siste tida har Os lensmannskontor fått fleire meldingar frå osingar som har blitt oppringt av personar som utgjev seg for å vera tilsette i Microsoft.Sjansane for at dei verkeleg jobbar i Microsoft er mikroskopiske. Spesielt ettersom dei som slår på tråden, ringjer frå norske mobiltelefon-nummer som startar på 91, men like fullt pratar engelsk.

- Me åtvarar folk i Os til å vera på vakt og ikkje meddela informasjon og personopplysningar, seier Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.