Liker å bidra i heimkommunen
Knut Frode Eide toppar formuelista i Fusa. Næringslivstoppen vert motivert av å gje noko tilbake til bygda.
Med ein formue på over 146 millioner kroner toppar Knut Frode Eide formuetoppen i Fusa. Eide har bygd formuen ved hardt arbeid. Sjølv gler han seg meir over det å sikra folk arbeid, og å kunna bidra til vekst i heimkommunen, enn det faktum at han toppar ei slik liste.
- Eg er ikkje noko oppteken av å toppa denne lista. Det måtte i så fall vera fordi det viser at me gjer det bra i i Eide Fjordbruk og dei andre firmaa eg driv, seier hålandsdølen som har slått seg opp innan oppdrettsnæringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tolar innsyn
56-åringen har ingenting imot at skattelistene kjem.
- Det er heilt ok. Systemet er basert på openheit, og eg skattar det eg skal. Så skattelistene kan eg leva med, seier Eide.
Å kikka sjølv, har han korkje tid til eller interesse av.
- Det er travle dagar, så det har eg ikkje tid til. Dessutan er eg ikkje særleg oppteken av kva andre måtte tena eller ha i formue, seier Eide.
Liker å bidra
Både som privatmann og via firmaa sine liker Knut Frode Eide å bidra for vekst og eit rikt og breitt idretts- og organisasjons-liv.
- Personleg skattar eg i overkant av 3,5 millioner kroner. Det må jo gjera litt nytte. Elles er eg lite glad i formuesskatt. Slik skatteleggjing har ein tendens til å slå uheldig ut for mange. Til dømes veit eg om folk som har aksjar og må betala meir i skatt for å ha desse enn dei tener, seier oppdrettsmannen.
Utover sjølv og bidra med skatt bruker firmaet hans, Eide Fjordbruk AS, kring 700.000 kroner i året på å støtta idrett og kultur i Fusa, Kvinnherad og i Lindås.
Rimelege bustader
- Kjem de til å halda fram med det?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, heilt klart. Me er også involverte i andre ideologiske prosjekt, som «Hålandsdalen vekst». Dette er eit prosjekt der me i lag med andre næringsaktørarar i bygda tek mål av oss å sikra at yngre generasjonar held fram med å bu i Fusa, og spesielt då i Hålandsdalen. Vårt første konkrete tiltak er nokre firemanns-bustader me skal føra opp. Dei skal me leggja ut til ein såpass ok pris, at yngre par skal kunna ha sjansen til å kjøpa, seier Eide.
Han legg til at dei også er med på eit prosjekt med Skjelbreid Poirée-hytta.
- Dette er også godt utanfor vår kjerneverksemd, men eit prosjekt me håpar skal vera med å skapa arbeidsplassar og aktivitet i bygda, avsluttar Eide.