Fusing nominert til filmpris
Anderz Eide (40) frå Hålandsdalen er nominert til Kanonprisen for hovudrolla i filmen Høvdinger.
I kveld kan skodespelaren Anderz Eide vinna Kanonprisen under Kosmorama, norsk filmbransjes eigen festival, i Trondheim.
Hålandsdølen er nominert i klassen beste mannlege hovudrolle for gansterfilmen Høvdinger. Her spelar han Morten som må manøvrera gjennom eit Oslo prega av gambling, narkotika, ulovlege boksekampar og brutale gjengoppgjer mellom albansk, russisk og pakistansk mafia.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eide må kjempa mot ringrevane Helge Jordal og Kristoffer Joner som er nominert for høvesvis Høst og Bølgen.
Anderz Eide er utdanna ved Bergen Teaterskule og har arbeidd ved Det Norske teatret, Riksteatret, Trøndelag Teater, Den Nationale Scene og Oslo Nye Teater.
I tillegg har han spelt i TV-seriar som Kodenavn Hunter og Det tredje Øyet.
Mange vil også kjenna stemma hans frå ulike Barne TV-program.