Innbrotsbølgje over heile Os
Det tok til i Lysefjorden, og har no spreidd seg til resten av bygda. Politiet forklarer kva du kan gjera for å sikra deg.
Statistikk frå politiet syner at berre to hus vart utsett for innbrot i 2015. Så langt i 2016 har derimot sju bustader vorte utsette for det same.
- Sju innbrot anmeldt så langt i år, er alt for mykje. Me samarbeider no tett med Bergen sør og politiet si MBK-gruppe (mobil vinningskriminalitet). Dei har opparbeidd seg svært god kompetanse på feltet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er dei sju innbrota:
* Drange, 15. januar
* Søvikvegen, 16. januar
* Midtskogvegen på Moberg, 29. januar
* Hellebakkgrenda, 30. januar
* Søfteland, 27. februar
* Borgavegen, 4. mars
* Borgavegen, 5. mars
(Datoane er omtrentlege, då huseigarane av og til har oppdaga innbrota etter helgeturar)
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det tok til i Lysefjorden, og har deretter spreidd seg til heile bygda. Det er ikkje berre avsidesliggjande hus det gjeld, men også hus i sentrale strok, seier Hadler-Olsen.
- Ser de dette i samanheng med innbrotsbølgja i Fana før nyttår?
- Me var forskåna frå innbrota då dette tok til i Fana. Og innbrotsbølgja der i området har ikkje stoppa sjølv om ho no har spreidd seg til Os. Me ser at det ikkje er usannsynleg at det kan dreia seg om same gruppering, basert på kva som er stole, seier Hadler-Olsen.
Fleire fellestrekk
Det finst fleire fellesnemnarar ved innbrota.
* Det er så langt berre einebustader som er råka
* Tjuvane er ute etter smykke, klokker og kontantar
* Dei let telefonar, ipadar og pc-ar stå urørt
* Dei nyttar ofte stigar som ligg langs husvegger
Artikkelen held fram under annonsen.
* Dei tek seg inn via vindauge i andre høgda
* Tjuvane let seg ikkje skremma av alarmar
* Tjuvane tek risiko, og unngår ikkje sentrale strok der det er større sjanse for å bli sett
* Minst to tjuvar samarbeider
- Slike fellesnemnarar gjer det sannsynleg at det dreier seg om nokre gjengangarar. Basert på spor i snøen kan me seia at det dreier seg om to vaksne gjerningspersonar, seier Hadler-Olsen.
Eit rart fenomen som politiet har merka seg er at gjerningsmennene vel å ta seg inn i andre etasje.
- I nokre av desse tilfella kunne ein like lett ha teke seg inn i første etasje. Så kvifor tek dei seg bryet med å finna stige og gå opp i andre etasje? Det verkar nesten som om dei gjer det litt ekstra vanskeleg for seg sjølv, seier politioverbetjenten.
Står utan mistenkte
Politiet har samla inn DNA og andre spor, men så langt står dei utan mistenkte. Tjuvegodset har ikkje dukka opp på finn.no eller andre digitale stader for sal av brukte gjenstandar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kan det vera snakk om at tjuvegodset vert smugla ut av landet?
- Det vert gjetting frå vår side. Me veit rett og slett ikkje kvar tjuvegodset har teke vegen, seier Hadler-Olsen.
Slik kan du sikra deg
Politiet går no ut med oppfordring om at folk tek ei risikovurdering av huset og verdigjenstandar før dei reiser på påske- og vinterferie.
- Folk må vera flinke til å låsa. Avtal gjerne litt med naboar om å sjå litt etter husa. Ha på lys, tenk over kva ein gjer med post og søppelspann slik at huset ser mest mogleg bebudd ut medan ein er vekke, seier Hadler-Olsen.
Eit anna råd er å gøyma gjenstandar ein er redd for på stader som ikkje er så enkle å finna.
- Eit konkret råd kan vera å plassera slike gjenstandar i ei øskje på loftet til dømes, avsluttar politimannen.