Mistenkjer ulovleg hjortejakt
Politiet i Fusa er interessert i tips etter det dei mistenkjer er ulovleg hjortejakt.
Fredag vart det funnen ein skotten hjort på Nordtveitgrend, om lag 100 meter frå vegen. Politiet antar at dyret vart skote natt til fredag. Dei som har løyve til å jakta i området var ikkje ute i dette tidsrommet. Det har politiet fått stadfesta.
Fredag vart det også oppdaga spor etter ein bil, og restar av ein annan hjort i same området.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det kan sjå ut til at nokon har skote ein hjort nede på nokre bakkar, for så å henta han med bil, seier lensmann i Fusa, Ove Ivarhus og held fram:
- Me er svært interesserte i tips og observasjonar av eventuelle bilar i området natt til fredag.