Eitt skritt nærare fleire butikkar
Utvidinga av Fjord'n senter i Eikelandsosen rykker stadig nærare. 8. desember gav Hordaland fylkeskommune samtykke til å utvida handelsarealet i senteret med 2.655 kvadrat.
Fylkeskommunen konkluderer med at søknaden frå Sambygg AS om å utvida senteret, er i tråd med Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Det vert òg lagt vekt på at planen stør opp om Fusa kommune sitt ønskje om å styrkja og utvikla kommunesenteret i Eikelandsosen.
- Ikkje negative verknader
Som eit ledd i søknaden om å etablera eit større kjøpesenter, har ABO Plan og Arkitektur AS utarbeidd ein handelsanalyse på vegner av Sambygg AS. Handelsanalysen gjev ifølgje Hordaland Fylkeskommune eit godt vurderingsgrunnlag for søknaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Handelsanalysen konkluderer med låg dekningsgrad og stor handelslekkasje for detaljhandel i Fusa. Det er også gjort ei vurdering av verknaden nytt handelsareal i Fjord'n senter vil ha for eksisterande butikkar. Tiltaket er ikkje vurdert å ha negative verknader for eksisterande lokal handelsverksemd, går det fram av sakspapira til Hordaland fylkesutval, der saka vart handsama 8. desember.
Fylkesmannen i Hordaland har også blitt høyrt i saka. Fylkesmannen konkluderer, til liks med fylkeskommunen, med at utvidinga vil styrkja kommunesenteret, og at planane er i tråd med den regionale planen.
- Fylkesmannen legg i sin uttale vekt på at det er stor underdekking av detaljhandel i kommunen, og at utvidinga av Fjord'n senter kan bidra til å styrkja kommunesenteret med omsyn til eit allsidig tenestetilbod, heiter det i saka.
Fjord'n senter vart etablert i 1989. Totalt handelsareal i kommunesenteret i Eikelandsosen vil etter utvidinga vera om lag 6.000 kvadratmeter.