Anders Berntsen Mol er klar for profflivet i Belgia. Her jublar han og Mathias Berntsen for U20-EM-tittelen i  sandvolleyball. (Arkivfoto)
Anders Berntsen Mol er klar for profflivet i Belgia. Her jublar han og Mathias Berntsen for U20-EM-tittelen i sandvolleyball. (Arkivfoto)

Klar for proffliv i Belgia

Anders Berntsen Mol har skrive under for den belgiske toppklubben Noliko Maaseik.

19-åringen frå Strandvik har dei siste tre åra gått på Topp Volley Norge-skulen i Sand. No er den høgreiste volleyballspelaren klar for utanlandseventyr i Belgia.

- Det kom svært overraskande på meg at eg skulle få denne sjansen som læregut i ein merittert klubb som Noliko Maaseik, men eg ser fram til å kunna utvikla meg endå meir som volleyballspelar i denne klubben, uttalar Strandvik-guten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye trenarkrefter

19-åringen har fått med seg at klubben nyleg har signert den meritterte trenaren Daniel Catsellani.

- Både klubbskiftet og det å få trena under ein såpass erfaren og flink trenar triggar meg veldig, seier Anders.

Far og tidlegare trenar Kåre Mol, trur klubbskiftet vil gjera sonen godt.

Anders har gjort det stort også i sandvolleyballen. Her frå då han vann U20EM på Kypros i fjor haust i lag med søskenbornet Mathias Berntsen. (Privat foto)
Anders har gjort det stort også i sandvolleyballen. Her frå då han vann U20EM på Kypros i fjor haust i lag med søskenbornet Mathias Berntsen. (Privat foto)

- Eg ser mange positive sider ved denne overgangen. Anders vil ha godt av å få andre trenarkrefter som utfordrar han. Det at eg no blir frigjort frå trenar-rolla, kontra pappa-rolla vil vera godt for begge partar, fortel pappa Mol.

Han trur sonen også vil dra nytte av klubbskiftet i høve til sandvolleyball-satsinga.

- Det at Anders er tiltenkt ei rolle som kantspelar vil definitivt vera utviklande for han som beachvolley-spelar. Han kjem til å bli utfordra mykje kvar dag og vil veksa som volleyballspelar generelt, trur pappa Mol.

Sandvolleyball-EM

I september i fjor vart Anders og søskenbornet Mathias Berntsen EM-vinnarar for U20-spelarar i sandvolleyball.

Denne sesongen skal gutane på BeachvolleyVikings delta i U20-EM i Tyrkia og i U22-EM i Hellas litt seinare i sommar.