Arne Monsen og kollegaane hans har målt isen på ei rekkje vatn denne veka. Her er siste oppdatering.
Arne Monsen og kollegaane hans har målt isen på ei rekkje vatn denne veka. Her er siste oppdatering.

Isen framleis farbar

- Så lenge isen er skilta farbar, kan folk gå på skøyter, seier varabrannsjef og iskontrollør Arne Monsen.

Det lenge varsla mildvêret er over oss. Etter veker med skøyteis og idyll på diverse vatn i Os kommune, er det store spørsmålet: "Går det framleis an å gå på isen?".

- Is-tjukkleiken varierer frå dag til dag. Men så lenge det står skilta at isen er farbar, kan folk ta seg ei tur på isen. Berre hugs at ein har personleg ansvar for eigen tryggleik, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste veka har han saman med ein gjeng frå Os brannvesen, hatt ansvaret for ismåling på utvalde vatn i kommunen.

- Kjem du til å iføra deg redningsvest når du heretter skal ut og måla isen?

- Ikkje i dag i alle fall. Vi skal ut og måla no i ettermiddag, men isen toler meg nok framleis, ler han.

- Blir det endringar i våre råd, så legg vi dei straks ut på både Os kommune og Os brann, redning og legevakt sine Facebook-sider, Så folk må fylgja med der gjennom helga, seier Monsen.

Til neste års eventuelle skøytesesong, skal nye, permanente is-skilt vera på plass, lovar Monsen som kallar dei siste dagars ismåling for eit slags prøveprosjekt.