Vil ha liv langs løypa
- Vis verda kva Os og Noreg har å by på, oppmodar arrangørane av Tour des Fjords.
Årets Tour des Fjords startar i Os. Datoen er 31. august. I feltet finn ein nokon av verdas beste syklistar. TV- og media-dekninga er brei. No oppmodar arrangørane innbyggjarane til å laga mest mogleg liv langs løypa. I potten ligg det premiar som tur på Rallarvegen og sykkel. For å delta må ein leggja til Tour des Fjords på Instagram, ta et bilde av heiagjengen og posta det med hashtaggane #sykkelfest #coopsykkelglede.
Stor stemning
Det var stor stemning langs Byvegen då det 150-manns store Tour de Fjords-feltet passerte Os-bygda i fjor vår. I år er altså sjølve starten av første etappe lagt til Os sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes har forsikra at det skal lagast ei flott ramme med scene kring startområdet på Torget. Deretter skal syklistane heiast fram på veg ut Bydraget mot Byvegen.
Barneritt i sentrum
Før rittet startar, vert det sykkelritt for born i Os sentrum. Løypa vil gå frå Torget, via Baronsplassen, Kyrkjeflaten og Landboden-vegen før målgang på torget igjen.
Det vil bli laga til stands for det lokale næringslivet i området rundt Torget denne dagen. Syklistane vil få eigen parkerings/klargjeringsplass ved Essoen.
Rundt rundt Fanafjellet
På førsteetappen syklar ryttarane nordover på Byvegen før dei tek seg over Fanafjellet og tilbake til Os via Lyseklostervegen.
Etter passering Os går resten av den totalt 212 km lange etappen via Rolvsvågen til Trengereid, Arna, Åsane og inn til Bergen. Her vil dei avslutta med eit par rundar i løypa for sykkel-VM 2017.
- Det er god PR for Os om me lagar ein flott folkefest for dette arrangementet. Sjølv mobiliserer me alle barnehagar og skuler i bygda, så vonar me resten av osingane hiv seg med, og at det lokale næringsliv lét sine tilsette stikka hovudet ut av døra slik at dei kan heia litt dei også, oppmoda Søviknes då me prata med han om behovet for frivlijuge til sjølve avviklinga av arrangementet.
Fem etappar
Tour de Fjords går i år over fem etappar. Den andre går frå Stord til Odda, den tredje frå Ulvik til Suldalsosen, den fjerde frå Stavanger til Sandnes, før den femte og avgjerande går frå Hinna Park til Stavanger sentrum.