Aksjar i nærbutikken
I Strandvik er ein ny Joker-butikk i emning. For å få prosjektet i hamn, oppmodar Strandviktorget AS sambygdingar, hyttefolk og andre om å investera i butikken.
- Strandvik er inne i ei tid med mykje positiv utvikling. I samband med det, er det beslutta å byggja ein ny daglegvarebutikk, opplyser styreleiar i Strandviktorget AS, Svein Lang.
Joker-butikken, som skal liggja midt i sentrum, der løa til Ronny Aakre stod tidlegare, vert om lag 670 kvadratmeter stor. Butikken har ein prislapp på vel 8. millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til no er det teikna aksjar for 1,1 millionar kroner. Det vert også jobba med å skaffa pengar gjennom Merkur-programmet, i tillegg til at byggjeprosjektet skal finansiert ved hjelp av lån. - Interimsstyret har bestemt at alle som vil skal få moglegheita til å kjøpa aksjar. Butikken er eit stort løft for oss alle og eit framtidsretta tiltak, seier Lang.
Prisen per aksje er 25.000 kroner.