Digert bidrag frå Fusa
Gåvene som elevane på Fusa ungdomsskule har samla inn til «Ensomt juletre søker gaver», blei levert i går. - Det var eit digert lass, fortel rektor Maylin Torgilstveit.
Ungdomsskuleelevane var ikkje vonde å be då dei blei spurt om å finna fram leiker eller klede som dei ønskte å gje bort til nokon som treng det meir.
- Me leverte eit digert lass med gåver på Clarion Hotel Oleana i går ettermiddag. Heldigvis hadde dei som skal bringa gåvene vidare, "tømt" juletreet tidlegare på dagen, seier Togilstveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Imponerte over gåvevolumet
Skal me tru rektoren, var fusinganes bidrag åleine nok til å fylla opp resepsjonen.
- Ein kan trygt slå fast at juletreet på hotellet ikkje er einsamt lenger. Hotellet, og alle dei som jobbar med innsamlinga, takka veldig for det me kom med. Ikkje minst var dei veldig imponerte over kor mykje me hadde samla inn, seier Togilstveit.
- Stor takk til Monica
Det var lærar Monica Kristofa Befring som var initiativtakar til innsamlinga. Då ho leverte gåvene onsdag, fekk ho beskjed om å overbringa ein stor takk til elevar og lærarar på skulen. Rektor vil helst trekkja fram bodsendaren.
- Eg vil retta ei stor takk til Monica, som har vore primus motor for kampanjen her på skulen, seier Torgilstveit.
Samlar inn leiker og klede
Til «Ensomt juletre søker gaver» har elevane fått i oppgåve finna fram leiker som dei er blitt for store til å bruka, eller ikkje lenger treng, samt klede som dei har vakse ut av. Dei skal pakkast inn som ei gåve og merkast med kva kjønn dei passar til, og kva alder.
«Ensomt juletre søker gaver er ein dugnadsaksjon» på alle dei 175 Nordic Choice-hotella i Noreg, Sverige og Danmark. For kvar gåve som vert samla inn, gjev Nordic Choice 10 kroner til UNICEFs arbeid med å verna born utsett for menneskehandel.