Har funne skoen - bed om fleire tips
Politiet har funne skoen til Reidar Osen. Funnet vart gjort i Hausdalen. No bed dei om opplysningar frå eventuelle vitne.
Det var onsdag 9. desember om kvelden at eigaren av Galleri Nygaten vart brutalt overfalt og bortførd i sin eigen bil.
Politiet i Bergen meinte at bilen Reidar Osen vart bortførd i, stansa i området Kaland/Søfteland. Dei gjekk difor ut og bad om tips frå folk i dette området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kidnapparane hadde gjort klar ei grav til 67-åringen på denne staden.
Reidar Osen sin mobil skal ha blitt knust då han vart bortførd, og han mista sin høgre sko. Den venstre skoen hadde politiet allereie teke beslag i då dei gjekk ut og bad om tips kring mobilen og den andre skoen, som no altså er funnen.
Politiet er no interessert i opplysningar frå eventuelle vitne som kan ha observert eller høyrt noko i området Hausdalen 9. desember i tidsrommet frå kl. 18 til kl. 19.
Politiet kan tipsast på telefon 02800.