Når Os kommune no vil få tilført statlege midlar i samband med busetjing av fleire flyktningar, ber soknerådet om at nokre av desse midlane vert nytta til å styrkja diakonstillinga. (Arkivfoto)
Når Os kommune no vil få tilført statlege midlar i samband med busetjing av fleire flyktningar, ber soknerådet om at nokre av desse midlane vert nytta til å styrkja diakonstillinga. (Arkivfoto)

Integrering av flyktningar: Vil styrkja diakonstillinga

Os sokneråd bed kommunen om midlar til å styrkja diakonstillinga i samband med integreringa av flyktningar i Os.

Os kommune og Os sokneråd starta sommaren 2009 eit 2-årig prosjekt der kvar part finansierte 50 prosent av lønskostnadene til ei diakonstilling.

I følgje soknerådet viste evalueringa av prosjektet positive verknader både sett frå kyrkjelyden si side og i innsatsen for integrering, miljøfokus og sosialt engasjement mot vanskelegstilte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter toårsperioden vidareførte soknerådet diakonstillinga i 50 prosent, og har årleg søkt om midlar til utviding til 100 prosent.

I eit brev til kommunen om integrering av flyktningar peikar soknerådet på den erfaringa og engasjementet soknerådet har vist i integreringsarbeidet.

- Vi har kompetanse, lokalitetar og ei stor gruppe frivillige som er engasjert i dette arbeidet. Vi har òg eit tett samarbeid med andre organisasjonar i Os i dette arbeidet, skriv  kyrkjeverje Gerhard Hansen.

 

Fleire tiltak

Når Os kommune no vil få tilført statlege midlar i samband med busetjing av fleire flyktningar, ber soknerådet om at nokre av desse midlane vert nytta til å styrkja diakonstillinga.

- Oppgåver med å skaffa bustad, norskopplæring og førebuing til arbeidslivet har kommunen gode aktørar til, men når det gjeld integreringsarbeid inn mot kvardagsliv, kulturliv og ikkje-skrivne verdiar og veremåtar som gjeld i vårt samfunn, har vi relevant kunnskap og erfaring, argumenterer kyrkjeverjen i brevet til kommunen.

Språkkafé, ei frivillig teneste for å gje flyktningar eit sosialt nettverk (ven, venefamilie, "reserve-besteforeldre") og ein internasjonal fest der flyktningane kan få presentera seg for osingane er nokre av tiltak det vert jobba med.