Ser fram til Fakkelfredag i staden
Det ligg ikkje an til noko stormarkering av Black Friday i Os sentrum.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me satsar på ein dag i den andre enden av skalaen i forhold til Black Friday, og ser fram til tradisjonsrik Fakkelfredag, seier Tove Tvedt Skarstein (Tvedt AS), og legg til at ho har oppmoda andre butikkinnehavarar til å ta del i fakkeltorget og tenninga av juletregrana.
- Me tek eitt steg tilbake neste fredag, og stengjer butikkane tidleg, sjølv om det er Fakkelfredag. Til vanleg plar me ha ope lenge, men ikkje i år.
Vil ikkje hiva seg på
Katrine Heggland (Nordisk Rom) kjem heller ikkje til å hiva seg på Black Friday-hysteriet.
- Eg tenkjer at det ikkje er naudsynt å hiva seg på alt av amerikanske tradisjonar, og om me ein dag skal hiva oss på denne tradisjonen, vil eg heller gjera noko litt annleis, i stadenfor å kopiera amerikanarane, seier ho.
- Kundane kjenner ikkje Black Friday
Eit anna poeng er at det er mykje enklare for dei store kjedene å ta del i denne tradisjonen.
- Som nisjebutikk har me ikkje dei same gode avtalane, og eit stort selskap i ryggen. Dei store kjedene kan tinga store parti, som til dømes 50.000 fjernsyn. Noko slikt kan ikkje me som nisjebutikkar finna på, seier Skarstein, og legg til:
- Eg trur heller ikkje at kundane, i alle fall ikkje brorparten av sentrumskundane, veit kva Black Friday er. Då er det heller ikkje så lett å gjera noko ut av det, seier ho.
Mistanken vart stadfesta, då ein kollega kjem innom butikken.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kjenner du til Black Friday? spør Tvedt Skarstein.
- Nei, det gjer eg ikkje. Kva er det?
- Der ser du. Akkurat som eg tenkte, seier Tvedt Skarstein.
Spanande program i sentrum
Tilbod i ny og ne er berre bra for å få kundar til butikkane, men Heggland er kritisk til stadig å skulla ha tilbod på varene.
- Det er tøft nok å driva butikk som det er. Me kan ikkje ha tilbod heile tida, då sit me ikkje att med noko. Ein skal ikkje venna kundane til å berre handla tilbodsvarer heller, seier Heggland.
- Ein annan ting er at ein også må ha overskot til å organisera noko slikt. Me har mykje på gang i desse dagar, med nattope som var i går (torsdag), Fakkelfredag neste helg og julemarknad ut i desember. Så det skjer mykje spanande i sentrum framover, smiler Tvedt Skarstein.