To gull og eitt sølv vart fasit for Lunde Pedersen etter meisterskapen i Vikingskipet på Hamar.
To gull og eitt sølv vart fasit for Lunde Pedersen etter meisterskapen i Vikingskipet på Hamar.

Ny medalje til Sverre

I går tok han to gull. I dag tok Sverre Lunde Pedersen sin tredje medalje i NM enkeltdistansar då han tok sølv på 1000 meter.

Osingen gjekk i mål til tida 1.10,91. Heilt til topps gjekk Espen Aarnes Hvammen med tida 1.10,50. Håvard Bøkko tok bronsen berre fire hundredelar bak Lunde Pedersen.

Neste helg ventar verdscup i Stavanger med ein osing i svært godt slag.

Artikkelen held fram under annonsen.