Redda ned frå Liafjellet

Bakkemannskap og Luftambulansen vart sendt til staden då ei kvinne skada seg på Liafjellet i kveld.

- Vanskeleg topografi og mørke gjorde operasjonen vanskeleg, melder Os brann, beredskap og legevakt.

Røde Kors hjelpekorps vart varsla i lag med to mann frå brannvesenet og to frå ambulansetenesta, i tillegg til Luftambulansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gode turkameratar saman med frivillige og naudetatane sørga for at den skadde fekk naudsynt hjelp, melder, brannvesenet og legevakta.