- Slett reinhaldsarbeid på gamle sjukeheimen
Det vert klaga på reinhaldsarbeidet på gamle sjukeheimen. - Vi er klar over at det ikkje er så bra som det burde vera, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Nils Petter-Borge.
Os Ap er blitt kontakta av verneombod ved behandlingsavdelinga og pleie- og miljøavdelinga ved gamle sjukeheimen, og blitt orientert om at helsefagarbeidarar og sjukepleiarar har pålegg om å utføra daglege reinhaldsoppgåver. Dette fordi reinhaldspersonalet berre er til stades ein gong i veka, vert det opplyst frå verneombodet. Det vert vidare hevda at når ein manglar folk, så ber ein reinhaldarar om å gjera pleieoppgåver, slik at det då kan gå opp til to veker utan at reinhaldarar har utført reinhald.
Os Ap tok opp saka i tenesteutvalet tysdag, og viste til at pleiepersonale skal ha instruks om å vaska kjøkken, spisesal, røykerom og personal-WC, i tillegg til golvvask på bebuarrom om det er naudsynt, og tørka støv og vatna blomar. Sjukepleiarar fortel at dette er arbeidsoppgaver dei ikkje har tid til å gjera utan at det går ut over pleieoppgåvene deira, ifølge Os Ap sin kjennskap til saka gjennom verneombodet. Resultatet er at reinhaldsoppgåvene vert nedprioriterte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jobbar med saka
På bakgrunn av denne informasjonen hadde Gisle Hejsedal frå Os Ap tre spørsmål til kommunalsjefen for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, i tenesteutvalet.
- Er kommunalsjefen kjent med at dette foregår? Er det slik kommunalsjefen meiner at reinhaldet på sjukeheimen bør vera? Er det denne metoden å driva sjukeheim på som gjer at vi er blant dei billegaste i landet?
Borge stadfestar at han er kjent med situasjonen.
- Det er ikkje ukjent at det er ein del folk som ikkje synest dette er spesielt kjekt, men verneombodets framstilling er litt meir dramatisk enn kva eg har blitt fortalt. Uansett, me er ikkje nøgde med situasjonen som han er i dag. Det er ein omleggingsprosess som foregår no, og me ser på korleis me kan løysa dette.
Reinhald krev fagkompetanse
På spørsmålet om det er denne metoden å driva sjukeheim på som gjer at vi er blant dei billigaste i landet, svara kommunalsjefen ja.
- Fordi vi bruker folk til dei arbeidsoppgåvene som vi må ha. Vi er avhengige av fleksibilitet, at folk kan jobba på kryss og tvers. Dette kan føra til at enkelte oppgåver blir nedprioriterte, men det er ikkje noko grunn til å tru at det er oppblomstring av sjukdom på sjukeheimen som følgje av dette, seier Borge.
- Eg er glad for at du seier at det er endringar på gang, og at ting skal bli betre. Det er viktig å få fram at reinhald er eit fag. Det krev kompetanse. Sjukepleiarar er ikkje kompetente reinhaldarar, så kvaliteten må nødvendigvis bli lågare. Ein treng fleksibilitet, men det er viktig å ikkje tøya strikken for langt, seier Hesjedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slit med luftvegsplagar
Verneombodet hevdar også at fleire tilsette slit med luftvegsplagar. Det skal visst nok ha blitt foretatt målingar av inneklima på avdelingane i juni 2015. Verneombodet har etterspurt resultata av målingane, men desse er enno ikkje utlevert.
- Det fint ingen rapport å leggja fram. Det blei gjort ein gjennomgang av ventilasjonssystemet. Bygget skal berre nyttast i eit og eit halvt år til. Det kjem ikkje til å bli gjort noko omfattande arbeid i denne perioden, seier Borge.